Uplassert for Park Angel

Park Angel gjekk sitt fyrste montéløp 19. august, eit autostartløp. Ho løyste greit frå start, og me gjekk ned i tredje innvendig, som blei til fjerde innvendig. Første 500 meterane gjekk på 1.16, så fekk storfavoritten Lantern overta og gjekk 1.14 første 1000! Det var nok litt for fort for Park Angel, så ho vart litt stum til slutt. Eg synest ikkje ho fungerte like godt som i prøveløpet, og trudde nok ho skulle halda litt lenger, men ho skal få godkjent sidan det var hennar fyrste montéløp. Ho gjekk til slutt 1.19,8, og bør nok ha ei betre tid inne.


Kommentarer

Populære innlegg