Park Angel i montédebut

No har eg flytta til Stavanger, så no er Forus den næraste banen min, men på torsdag reiser eg heim til Bergen for å ri montéløp. Det er Stall Avantgarde som sponsar løpet. Eg skal ri Park Angel, som startar sitt fyrste montéløp i karrieren. Løpet går med autostart og er over 2100 meter.

Park Angel har fungert veldig fint i sine siste travløp, og gjekk eit veldig flott prøveløp for meg på 20,0. Eg trur ho kan betre enn det på distansen. Ho virka til å vera ei veldig stabil dame, med pågangsmot. Motstanden er hard, me har fått eit flott kvalitetsløp. Det er stengt på 350 000 kroner. Dette løpet vert nok spennande, i alle fall bak Lantern. Park Angel verkar i alle fall som ein veldig fin montéhest, så me får gjera det beste av det og håpa det går bra. Ho gjekk utan sjekk i prøveløpet, men sidan det er autostart no, må me ha sjekk på. Det gjer nok ikkje så stor forskjell.

Lantern rei eg 15. juli, då vann han heilenkelt. Etter det har han vunne eit løp på Forus, saman med Brit. Dei får nok eit fint løp her, og tek seg nok enkelt av løpet. Kitten har og byrja å koma attende til sin gode, gamle montéform. Denne gongen får han Elisabeth Jensen på ryggen. Frå innerspor vert det veldig spennande å sjå kor lenge han held føringa. Korleis Park Angel er bak bilen veit eg ikkje, men ho åpna veldig fort i prøveløpet på voltestart. Ho vart då veldig ivrig når ho fekk hest på sida, så eg er spent på å sjå korleis ho går. Eg var og meldt på Harry Trotter S.E. som eg òg har godkjent. Endå ein veldig spennande hest. Han trur eg kjem til å hevda seg godt i monté, så det vert veldig artig å sjå korleis det går. Stine Beate skal ri han, men han fekk dårleg spor sidan han vart ettermeldt. Sandy Boy har vore meget god i monté, og kjemper nok i toppen igjen. Det same med Company Ås. Labella Halbak er eg litt usikker på, men ho kan kanskje ha fordel av autostart. Feel The Heat er den siste debutanten i løpet. Dette er eit åpent løp bak favoritten, så det vert spennande å sjå kven som fyller opp dei siste trippelplassane.


Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 18:00)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 350.000 kr., åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Kitten Elisabeth Jensen 177.556 1.16,6v 1.15,5a
2100 2 Lantern Brit Lea 294.100 1.15,8v 1.13,4a
2100 3 Labella Halbak Monica Refsland 331.336 1.15,2v 1.13,9a
2100 4 Sandy Boy Lene Rotneim 156.100 1.17,2v 1.16,4a
2100 5 Park Angel Charlotte Steine 162.500 1.18,0v 1.14,8a
2100 6 Feel The Heat Lene Bjånes Indrevær 238.256 1.17,1v 1.14,0a
2100 7 Company Ås Caroline L.B. Morken 229.479 1.16,1v 1.13,5a
2100 8 Harry Trotter S.E. Stine-Beate Hjartholm 248.919 1.17,1v 1.14,7a

Kommentarer

  1. Blir veldig morro å komme til din hjemmebane å ri Charlotte. Krysser fingrene for oss begge. :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg