Park Angel godkjent

Park Angel varma veldig fint til prøveløpet. Ein enkel hest som gjekk utan sjekk, fungerte fint i travet og gjekk godt på. Eg tok ein prøvestart i varminga, litt uvillig på å snu, men løyste veldig fint. Me gjorde ingen endringar etter varminga, sette berre på ein tungestropp. I starten løyste ho veldig fint, men Lene rei veldig hardt frå start med Sniper B., så eg tok opp alt eg kunne for å prøva å sleppa ho til tet, sjølv om Park Angel svarte godt. Ho haldt tempoet oppe då ho kom til tet, og åpna første 500 meter på 1.16,5, men då låg eg litt bak. Første 1000 meterane gjekk etter 1.18,8. Det gjekk veldig seint dei neste 500 meterane, men eg fann ut at eg måtte ri litt ned oppløpet for at ho ikkje skulle få stoppa til mål. Eigaren sa ho pleide å ta seg ein pause i siste svingen, men det var ikkje noko problem i dag. Ho gjekk godt heile vegen, sjølv om det ikkje var heilt optimal disponering av farten. Eg trur ho hadde ein god del meir å gå på, og ho kjem nok til å gå fine løp i monté. Det var ein flott hest å få ri. Eg stramma inn stigbøylane mine to hakk til prøveløpet for å sjå korleis det gjekk, og det fungerte greit. Det hjelper å ri litt litt oftare.

Kommentarer

Populære innlegg