Rousseau skada

Sist det var V75 i Bergen skulle Rousseau Detain ha starta. Han var fin i varminga, men stokk halt i defileringa. Ein veterinærsjekk viste at han hadde fått gaffelbåndskade på ein framfot. Det er veldig trist. Sidan han var så tråkk for meg sist, kan det henda han kjente på den allereie då. No får me håpa at alt går i orden og at han vert bra att, men det er nok lenge til han er attende i løpsbanen. Det var veldig trist at det skulle henda med han, for han kunne nok vore med i dei store montéløpa framover.

Kommentarer

Populære innlegg