4. plass med Spika

I går var eg ute med Spika igjen. Ho var veldig hissig i varminga, men det har kanskje ein samanheng med at ho ikkje har starta på ein månad. Me fekk ein katastrofal start! Volten vår var altfor liten, så satte eg fart på ho, men såg at eg kom til å ri gjennom snora så eg måtte ta opp att. Eg var overbevist om at det var omstart, men det var ikkje vinka for omstart, så då måtte eg setta fart på ho igjen og me hadde tapt ein del. Dei framføre oss bomma fælt og, så me tok att tillegget fort. I fyrste svingen galopperer Heger Best og eg går framover i andresporet, så går Grans Spika ut eit spor rett framføre oss slik at Spika vegrar seg litt og me må ut i tredjespor. Opp til 500 meters passering får Grans Spika teten og me kjem ned i dødens. Farten er 1.38. Me legg press på ledaren med ein gong og får overta teten midt i nest siste sving, då Grans Spika galopperer.

Dessverre får eg ikkje noko særleg fart på ho etter ho har fått teten. Når Nøkle Pål kjem svarer ho opp heilt til oppløpet, men då går dei bakfrå fortare. Spika fullfører greit til 4. plass. Det er litt kjipt å vite at ho kunne vunne løpet dersom eg hadde fått fart på ho etter me kom til tet. Som vanleg var det Alsaker Bruno og Mette R. Nyløkken som vann. Taletta spurta godt til 2. for Marie Øvested, medan Nøkle Pål og Renate Aarlie fekk tredje.

Eg er nøgd med innsatsen til Spika. Ho går eit fint løp, og forsvarer seg bra heilt til Nøkle Pål får overtaket. Hadde me fått ein bedre start, hadde kanskje utfallet vore eit anna, men det kjem nye sjanser.


Kommentarer

Populære innlegg