Flott montéløp på Forus!

Josephine som eg skulle ridd. 
På tysdag stiller heile 13 varmblodshestar til start i montéløpet på Forus. Det er kun hestar på to distansar, og på førehand er det ikkje gitt kven som går sigrande ut av kampen. Løpet er sponsa av Klepp Spesialtransport, og har som vanleg gåvepremie til vinnarhestens eigar, oppassar og rytter, i tillegg til sigersdekken og rosett. For meg som er så glad i montésporten, er det ein stor siger å klara å få så mange på startlista.

Sjølv var eg meldt på heile fire hestar denne gongen, men ender opp med å ikkje ri nokon av dei fire. Me har kun sju lisensierte rytterar på Forus, så då var det berre å ringa rundt for å få nokon til å ri. Så det vert ein søskenduell, då alle tre søstrene Steine skal ri.

Eg skulle eigentleg ridd Josephine, og det har eg gleda meg til lenge! Ho er svært spennande i monté, men ho var veldig dårlig i løpet ho starta i Bergen på torsdag, og har stått med over 39 i feber etter det. Så då var det berre å stryka ho. Dermed sit eg meg opp på ryggen til Dave Briggs, sidan hans opprinnelige rytter er blitt sjuk. Eg har aldri vore borti Dave Briggs før, men han har gått eitt montéløp. Då gjekk han veldig bra til 3.plass for Stine Lode. Han har gått to uplasserte sulky løp etter det, og han har sitt fin ut i rutineløp. Dersom han går like godt som sist montéløp, håper eg han kan vera god nok til å kjempa om ein fin premie. Med maks klaff kan han kanskje klara ein trippelplassering.

Motstanden:
1. Lonely Warrior: Montédebutant frå stallen til Øystein Tjomsland. Eg reknar med at hesten er meldt her fordi dei trur han kan gjera ein fin innsats. Har ikkje vist det store med sulky i det siste, men mange finn eit nytt gir under sal. Rytteren har testa han ein gong, og ho sa det virka som ein travsikker og spennande montéhest. Ho meiner at konkurrentene skal springa fort, om han går 1.16-1.17 frå strek. Han starta på Sørlandet søndag, eg har ikkje sett løpet, men han vart diska for galopp.
2. Rimini Lavec: Får premie stort sett i alle montéløpa ho startar, og er på jakt etter ein ny premie her.
4. Air Speed: Debuterer under sal. Gjorde nokre flotte travløp i starten av året, men har rota litt og vore diska for galopp eit par gonger no. Ifølgje eigaren er han kun ridd heime. Eg testa han i eitt hurtigarbeid under sal på fredag. Han fungerte fint då, og gjekk vel rundt 1.22 på distansen med fin fart over mål. Er nok på jakt etter ein fin premie første gong ut i monté. Rytterendring frå Lise Hjetland til Lene Rotneim.
5. Cromwells Shadow: Jevn og flink montéhest. Har starta elleve montéløp, og vore blant dei fire i ni av dei. Så det er nok ein av dei sikraste hestane i dette løpet. Kan fort kjempa om ein trippelplass.
6. Lucky: Har starta åtte montéløp, og ikkje vore dårligare enn fjerde. Står fint til i springspor, og kan fort sitja i tet om dei treffer starten. Er veldig god frå den posisjonen, og skal reknast med ein fin vinnarsjanse.
7. The Special One U.S.: Har ikkje vist det heilt store i monté endå, men det er eigentleg ein fin hest som utseendemessig skal kunne passa i monté. Beate er flink, og om dei finn tonen, kan han få ein fin premie.
8. Joe Frazier: Gjekk fint før galoppen kom i sitt forrige montéløp. Må gå feilfritt, men om han gjer det, kan han få ein fin premie.
9. Alo Angel: Har heller ikkje vore uplassert i nokon av sine montéløp, og er jevn og flink under sal. Kjemper i toppen igjen.
10. Touch My Shadow: Har ikkje starta monté sidan juni i fjor, men har vist flott form i sulky. Gjekk nokre fine montéløp i 2016 og 2017. Tjener på at han alltid går til mål, og då kan han fort vera på trippelen her.
11. Flirtin Superb: Rota seg vekk med fleire galoppar då han starta monté på østlandet, men han har ikkje tatt eitt galoppsteg under sal sidan han kom til Bergen. Har to fine sigrar og ein andreplass i sine tre siste montéstartar. Dyktig rytter er alltid eit pluss, og dei skal reknast som vinnarkandidatar.
13. Superfly Effe: Har vore litt ustabil i montéløpa sine, men har vore veldig god i dei to løpa han har gått på Forus. Står fint til i springspor, og om han kan utnytta det er han fort med langt framme direkte. Er ein av fleire som kan vera med å kjempa i toppen her.

Startliste:

Løp: 1  KLEPP SPESIALTRANSPORTS MONTÉLØP  (ca. kl. 18:10)
MONTÉLØP
For alle 4-12-årige.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 230.001 kr., 40 m. ved 600.001 kr.
Premier: 16.000-8.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Varmblods      Volte V4-1     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Lonely Warrior Jeanett Marie Dagsvold 199.000 1.16,5v 1.13,7a
2040 2 Rimini Lavec Henriette Steine 191.046 1.16,1v 1.14,5a
2040 3 Josephine Charlotte Svendsen 176.000 1.15,4v 1.15,6a
2040 4 Air Speed Lene Rotneim 145.500 1.16,8v 1.15,1a
2040 5 Cromwells Shadow Victoria Steine 210.500 1.15,4v 1.14,2a
2040 6 Lucky Tonje Gudmestad 148.000 1.16,9v 1.15,4a
2060 7 The Special One U.S. Beate Barka 546.500 1.14,5v 1.12,5a
2060 8 Joe Frazier Synne Høitomt 290.355 1.16,3v 1.14,9a
2060 9 Alo Angel Martine Finsand 416.000 1.15,1v 1.14,3a
2060 10 Touch My Shadow Brit Lea 434.504 1.14,5v 1.13,1a
2060 11 Flirtin Superb Helene Kolle 427.527 1.16,2v 1.12,2a
2060 12 Dave Briggs Charlotte Svendsen 389.494 1.15,9v 1.11,8a
2060 13 Superfly Effe Malin Berås 237.258 1.15,3v 1.12,8a

Kommentarer

Populære innlegg