Flott 3.plass

Dave Briggs etter varming.
Etter mykje om og men før montéløpet på Forus 16.mars endte eg til slutt opp på ryggen til Dave Briggs. Eg fekk beskjed om at det var ein bedagelig herre. Når eg varmar hestane eg rir og kjører til løp, så pleier eg å halda dei roligast mogeleg slik at dei får verta varme før eg set fart på dei. Dave Briggs var pigg og fin i varminga, men kvar gong det kom hestar bakfrå sette han til og auka farten. Så etter varminga spurde eg fint om å få ha i draproppar til løpet, slik at me slapp bruka for mykje energi på å stoppa dersom det skulle bli nokre omstartar. Han fekk også på seg ei blindemaske til løpet.

Me hadde sjettespor i volten, og trefte starten heilt perfekt. Eg rei litt slalom på startsida, og kom rett fram i ryggen til tethesten. Lucky pressa seg så til tet, og me vart liggjande i tredje innvendig. 1200 meter frå mål styrte eg ut i andrespor, men då følte eg at han la av på farten, så eg rei inn i førstespor att. På siste bortre langsida ba eg han om litt meir, men då rulla han fælt og var nær ved å galoppera for meg. Eg klarte å redda han, og han var flink som tok imot hjelp. Han gjekk fint heile vegen inn til mål, og passerte ein konkurrent slik at me fekk med oss den siste trippelplasseringen. Det var min fyrste trippelplassering for året, i det tredje forsøket.

Foto: Arnfinn Roaldsøy


No satsar eg framover, og håper å få ri løpet på Forus neste helg. Det blir nok ein fartsfest med autostart på sprintdistanse. Eg er veldig motivert til å lukkast dette året, og har som mål å klara eitt championat på Forus òg, så eg trener på for å klara det allereie i år.

Målfoto
Heidi Bjørntvedt stilte sporty opp då me mangla ein rytter. Dermed var det to av "meg" i banen.

Kommentarer

Populære innlegg