Løp med Josephine på snapchat Hest360 Official

Josephine. Foto: Charlotte Svendsen
Tysdag vert ein litt spesiell dag for meg. Då skal eg kjøra løp med Josephine. I samband med det skal eg vlogga (video-blogge for dei som ikkje er så inne på moderne fenomen) for Hest360. Det var ein førespurnad som kom litt overraskande på meg, men det er artig at nokon har interesse for det eg driv med, så eg kunne ikkje seia noko anna enn ja. Eg skal på jobb på dagtid, men har førebudd meg ved å ta korte filmar gjennom heile veka, slik at ein får litt innblikk i ulike sider av vårt hestehold. Det vert artig å visa fram den flotte travsporten på Forus på tysdag kveld. Vil du følgja meg? Søk opp Hest 360 Official på snapchat.

Løpet er eit løp der hestane har tjent under 120.000 kroner, men om ein har ein kusk med færre enn 20 sigrar i sulkysetet kan hesten ha tjent opp mot 150.000 kroner. Det vil seia at Josephine står ganske fint inne grunnlagsmessig. Eg håpa på spor 1 eller 2 på førehand, og det vart perfekt då me trekte førstesporet. Det gjer jo sjølvsagt kuskinga enklare for meg, sidan eg berre kan køyra rett fram utan å tenkja. Eg har ikkje heilt bestemt meg for kva opplegg det blir, men ho er best med ryggløp. Ho har berre gått eitt løp frå tet for oss, og då tapte ho på målfoto, så det er eit alternativ om me klarer å forsvara sporet. Eg trur det må bli til at hesten sin dagsform bestemmer opplegget. Eg synest uansett at ho har eit veldig riktig løp her, og eg må innrømma at eg synest ho fortjener ein siger etter mange flotte innsatsar. Sidan eg skal kjøra sjølv, er det litt ekstra spennande, men eg håper ting løyser seg undervegs og at me klarer ein trippelplassering.

Motstanden:
12 You Love har fin form, og har gått fleire gode løp utan å få sigeren sin. Sporet trekkjer ned, men løyser det seg undervegs er han god nok til å vinna. 6 Lara's Revenge har vore på trippelen i 15 av 29 løp. Ho står òg fint inne grunnlagsmessig, og er fort i toppen igjen. 7 Super Talisman har levert flotte løp for Kathrine Strand, og gjekk godt til mål i sin siste start. 3 Spenda Helmax gjekk veldig fint til siger på Sørlandet i sin siste start. Det var hestens fyrste siger sidan juni 2016, og han har mest vore ein premieplukkar mellom der. 4 Coktail Mack har gjort fleire fine innsatsar i det siste.  10 Norahs Winner vann to løp i fjor, har hatt eit par månaders pause og løpet sist enda i galopp, så formen er kanskje ikkje like god som ved sigersløpa.

Startliste:
Løp: 2  GRUNNLAGSFORDEL AMATØR / REKRUTT / STALLMANN  (ca. kl. 19:15)
GRUNNLAGSFORDEL AMATØR / REKRUTT / STALLMANN
For 3-12-årige høyest 120.000 kr. Også for 3-12-årige høyest 150.000 kr.
2040 m. Autostart.
Premier: 16.000-8.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
OBS: Løpet er åpent for hester med høyest 120.000 kr, kjørt av alle kusker. Samt hester med høyest 150.000 kr, kjørt av kusk med rekrutt-, stallmann- eller amatørlisens med færre enn 20 kuskeseirer.
Varmblods      Auto V65-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Josephine Charlotte Svendsen 125.500 1.17,1v 1.15,8a
2040 2 Best Sensation Ole Gaute Gudmestad 71.000 1.17,4v 1.16,5a
2040 3 Spenda Helmax Geir Mikkelsen 105.000 1.17,3v 1.14,6a
2040 4 Coktail Mack Svein Ove Wassberg 76.855 1.18,2v 1.17,2a
2040 5 Judd Trump Odd Kåre Selliken 72.177 1.15,1v 1.14,5a
2040 6 Lara's Revenge Synne Høitomt 128.500 1.17,0v 1.15,6a
2040 7 Super Talisman Thomas Sverre Karlsen 93.500 1.18,5v 1.15,6a
2040 8 Air Speed Malin C. Stokke 137.500 1.16,8v 1.15,1a
2040 9 Goldie Street Dag-Sveinung Dalen 88.500 1.16,6v 1.14,3a
2040 10 Norahs Winner Øyvind Hegdal 62.500 1.17,4v 1.16,4a
2040 11 Makeawish Ove Kenneth Karlsen 107.500 1.17,8v 1.16,1a
2040 12 You Love Tom Erga 76.000 1.15,9v 1.16,3a

Kommentarer

Populære innlegg