I gang med sesongen

11.02.17: Candelia Hooves og Miriam Gudmestad.
I mitt fyrste løp for året skal eg ri Candelia Hooves. Det er ei åtte år gammal hoppe etter Thai Tanic, som har tjent 114.500 kroner i karrieren. Ho har aldri vunnet løp på dei 64 gongane ho har starta, men ho har åtte trippelplasseringar. I fjor fekk ho fem preimar på 19 forsøk, men ho trava ny rekord. Eg har ikkje vore borti ho før. Ho gjekk eitt montéløp i mai 2017, utan å få premie då. Ifølgje eigaren var det litt ulike ting som spela inn og førte til resultatet den gongen, men ho har sett fin ut i trening under sal. Eg får prøva å finna ein fin posisjon undervegs, og håpa me klarar å henta med oss ein premie.

Motstanden:
1. Lucky: Har gått fire montéløp, og har ikkje vore dårlegare enn fjerde. Det trur eg ikkje ho er her heller. Teten er ein kjempefordel for Lucky-hestane til Gudmestad-familien, så om ho klarer å forsvara sporet her vert det spennande å sjå kor langt det held.
3. Call The Judge: Gjer sitt andre montéløp her. Eg rei han i debuten, og det var ein flott montéhest. Eigaren set seg på ryggen denne gongen, og ho kjenner han godt. Dei har vunnet eit montéløp på ei lokalkjøring før. Han imponerte meg i debuten sin, og med tilsvarande innsats kan han vera på trippelen igjen.
4. Rimini Lavec: Går jamnt 1.18-1.19 i løpa, og plukkar med seg premiar. Premiekandidat her og.
5. Don Carlos D.E.: Stod igjen og galopperte i sitt siste montéløp, men var flink til fjerde i montédebuten sin. Eg ser for meg at han kan ha fordel av autostart, og eg trur han er betre enn raden tilseier. Eg vert ikkje overraska om han dukkar opp på trippelen i feilfri utgåve.
6. Höwings Silberpfeil: Stor og flott hest. Fekk 4. plass i debuten under sal. Vann eit montéløp i Drammen 22. desember. Då galopperte han på veg til tet i første svingen, og gjekk dødens etterpå. Leverte eit sterkt løp då, og skal med tilsvarande innsats vera med å kjempa om sigeren her.
7. Ethiopia River: Montédebutant som har gått prøveløp på 21,7. Ho starta ikkje i fjor, og har ikkje gått løp sidan mai 2017. Det er ein god hest med 8 sigrar på 44 startar, og rekord på 12,6. Etter så lang pause kan ein ikkje venta at hoppa skal gå til topps direkte, men på tidligare merittar er det likevel ikkje utenkeleg.
8. Superfly Effe: Har vunnet to montéløp, det siste var sist han gjesta Forus. Då imponerte hesten meg, og såg skikkelig flott ut. Eg hadde rekna med han kom til å rada opp etter det, men han har skuffa meg litt. Er han tilbake på topp, så er han god nok til å kjempa om sigeren her. Morosamt at Malin skal snappa for Hest360Official denne dagen, då vert det monté ut til hestefolket. Med tanke på det, så hadde det vore ekstra artig om folket fekk innblikk i eit toppløp og ekstra travglede!
9. Joe Frazier: Står fint inne grunnlagsmessig med sine 283.355 kroner på konto. Ein montédebutant, som ikkje klarte prøveløpet då han var ute i det i april 2017. Har gått eit montéløp på ei lokalkjøring og blei tredje der Call The Judge vann. Eigaren meiner han har fordel av autostart og at dei skal vera nøgd med feilfritt løp og premie.

Startliste:
Løp: 8  MONTÉLØP - SPORTRAPP / GRUNNLAG  (ca. kl. 21:13)
SPORTRAPP / GRUNNLAG - MONTÉLØP 
For 4-12-årige høyest 290.000 kr.
2040 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 16.000-8.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Hestene starter i grunnlagsrekkefølge. Laveste grunnlag i spor 1, videre fordeling: 2,3,4,5,6,7,8,9,10. Sportildeling etter starterklæring.
Varmblods      AutoV5-5     
Dist.NrHestens navnKuskInntjentVoltAuto
20401LuckyTonje Gudmestad110.0001.17,6v1.17,2a
20402Candelia HoovesCharlotte Svendsen114.5001.17,1v1.14,1a
20403Call the JudgeStine Lode159.0151.17,0v1.14,9a
20404Rimini LavecLise Hjetland188.0461.16,1v1.14,5a
20405Don Carlos D.E.Brit Lea189.5401.16,5v1.14,5a
20406HöwingsSilberpfeilJeanett Marie Dagsvold192.9551.15,6v1.13,9a
20407Ethiopia RiverIselin Toft Dyrstad210.9991.15,5v1.12,6a
20408Superfly EffeMalin Berås229.2581.15,3v1.12,8a
20409Joe FrazierSynne Høitomt283.3551.16,3v1.14,9a

Kommentarer

Populære innlegg