Sur oppløpsgalopp!

Eg var på Sørlandet for å ri Thai Voyager på søndag. Han var mykje roligare i varminga denne gongen, og kjentes skikkelig fin ut, sjølv om han brøyt ut på svingane. Så etter varminga vart eg endå meir optimistisk. I prøvestarten rulla han for meg, så eg justerte sjekken litt og tok ny prøvestart. Då gjekk han fint. Me vurderte å ha busser framme denne gongen, men dei vart øydelagde då me skulle ta dei på, så me droppa det.

Det var autostart, og me hadde spor tre. Han løyste ganske fint, så eg kom meg greit inn i førstespor. Det var fleire hestar som åpna betre enn oss, så me havna i tredje innvendig. Første 500 meterane gjekk fort, passeringa var 1.10, så dempa tethesten litt. Eg synest det vart litt langt fram, så eg passerte dei eg hadde foran meg for å gå ned i leiarrygg. Han var skikkelig pigg og fin. Ut på siste langsida synest eg tethesten endra seg, så eg rei ut på utsida. Voyager tok skikkelig tak i det, og kopla lett grepet på den. I siste svingen prøvde han å bryta ut, slik han hadde gjort i varminga, og var veldig nær å galoppera. Men eg klarte å redda han og fekk han på betre tankar.

Eg tenkte eg skulle dra skylappane, for å få han meir skjerpa. Men snora låg klemt under dei andre, så eg klarte berre dra av øyrehetta. Tuileries kom opp på sida av oss, men den var så mykje betre at den lett passerte. Eg hadde full kontroll på andreplassen, trudde eg. Men så midt på oppløpet byrja han å rulla og detta ut av travet. Eg prøvde det eg kunne å halda han i trav, men han rulla over for meg. Så sein oppløpsgalopp medfører at me vert diska med ein gong. Det var ufattelig surt! Hesten var veldig pigg med ein gong eg fekk han ned igjen i trav, etter målgang, men det hjelper så lite. Eigaren hadde virkelig fortjent denne andreplassen. Hesten viste iallfall at han er fin i monté, så får me heller ha litt meir sjekk og kanskje ha på bussar neste gong.

Kommentarer

Populære innlegg