Årets første på Sørlandet

Foto:Arnfinn Roaldsøy/www.fotobertil.net
I går var eg i Sandneshallen for å få unna dei fysiske testane me er pålagte å ta for å ha lisens. Det er godt å ha det unnagjort, og så er lisensen sikra ut 2019. Så no er eg klar for årets aller fyrste start på Sørlandet. Eg har fått sjansen på Thai Voyager igjen. Det gler eg meg til. Eg har gløymt å skriva referat frå det førre montéløpet, så her kjem det. Han varma ekstremt fint, og var mjuk og pigg. Det vatt fleire omstarter, men eg klarte halda han rolig. Me kom fint i gang i det gyldige forsøket, men ein av strekhestane galopperte og hindra oss så mykje at han kom utav takta og galopperte. Eg rei rolig etter feltet, og han gjekk skikkelig flott til slutt, så me rakk fram til 7.plass. Det er ein fin montéhest, og eg trur han har fordel av autostart. Det er nokre gode konkurrenter mot, men eg trur faktisk han er kapabel for trippelplass om eg klarer ri feilfritt denne gongen. 

Motstanden:
1. HöwingsSilberpfeil: Montédebutant. Har gått prøveløp på 20,9. Rytteren seier hesten har kapasitet, men at det er gode hestar i feltet. Ho testa han litt her om dagen, og han kan springe fort under sal, men er en seig type og tung å halda i gang. Ho seier det er ein viss galopprisiko, fordi han har ein tendens til å bremsa seg over. Ho skal prøva å forsvara sporet, ri feilfritt og vera blandt dei fire første. 
2. Tuileries: Er fantastisk under sal, og har ein av landets beste rytterar på ryggen. Det er normalt gode føresetnader for å gå sigrande ut av kampen. Gjekk montéløp på Biri fredag, og fekk eit ganske tøft opplegg då, men var god til andre. Om ikkje det plagar han med tette startar, er han ein god vinnarkandidat.
4. O.M.X. Twenty: Er ein av to 12-åringar som har fått dette løpet oppkalla etter seg. Står derfor fint inne grunnlagsmessig. Er veldig ofte i toppen i montéløp, og eg må sei eg synest han fortjener å enda i toppen dette siste løpet og.
5. Cromwells Shadow: Er ein jamn og flink hest, som har gjort det bra under sal. Vart andre sist Helene Kolle sat på ryggen, og dei er nok på jakt etter ein ny trippelplass.
6. Superfly Effe: Har vore flink i montéløpa sine, og han har sett flott ut for Malin. Ho jaktar dessutan sin siger nummer 100, og eg må seia at eg unner ho å vinna nummer 100 med sin eigen. Det reknar eg med vil bety ekstra mykje for Malin, så ho er nok veldig gira på det. Kanskje kan det vera nok til å stå på toppen av resultatlista.
7. Bar Story: Den andre 12-åringen i løpet. Han har ikkje starta sidan mars, og har vore skadeforfulgt. Men han skal heidrast som den flinke montéhesten han har vore. Eg håper han kan få med seg ein fin premie her.
8. Zola Classic: Har gått greie montéløp, men frå ytterste sporet bak bilen er nok premie målet. 

Startliste:

Kommentarer

Populære innlegg