Unique i debut


Tysdag 1.august vert ein historisk dag for meg, uansett resultat. For fyrste gong skal eg ut med ein hest eg både eig og trenar sjølv. Det gler eg meg veldig til. Vertigo Unique har vore veldig flink så langt, med rekord på 13,0aK og 316.500 kr på konto. 

Ho har kun gått eit hurtigarbeid under sal, og det var i prøveløpet. Ho gjekk eit fint prøveløp og auka farten heile vegen til sluttida 18,8. Vanlegvis er ho kjapp ut på volte, men eg prøvde med sjekk i prøveløpet og den krangla ho fælt på. Det resulterte i at ho ikkje ville gå på fram i volten. Ho starta sulkyløp sist veke, og då endra me til underhakesjekk etter varminga, og då gjekk ho fint i løpet. Det var auto, men eg håper ho oppfører seg fint i volten med underhakesjekk denne gongen. Eg får ta ein prøvestart ekstra i varminga, for å kontrollera at det fungerer. 

Elles blir det sprutmaske og frynser på igjen. Det gjekk ho med tidlig i karrieren, og sidan det sprutar meir i monte så set eg det på igjen. I prøveløpet rei eg med fast bomull, det blir draproppar i løpet.

Det er nokre fine montehestar med i feltet, men eg har tru på at Unique og er bra under sal. Så om ho oppfører seg i volten, og held seg i rett gangart bør ho vera med i toppen. Det er vanskeleg å tru på seier med ein rytter som ikkje har vunne sidan 2011, men me må gjera så godt me kan likevel.

Motstanden: 
1. Miss Joeleen K.B: Har ingen premiar i sine fem siste startar, så premie er nok målet.
3. Lucky Run: God montehest som går 1.16 på distansen. Er nesten uslåelig om ho klarer tet og unngår galopp.
4. Juliano's Pride: Har vore veldig flink i sine monteløp etter han bytta eigar. Går 1.15 på distansen. Sporet er kanskje ingen fordel, men så lenge han kjem feilfritt ut er han med og kjempar om sigeren igjen. 
5. Grace Classic: Trava 1.22,0 i prøveløpet. Har sett fin ut under sal tidligare, men er normalt på jakt etter premie i dette feltet.
6. Pearl Harbour D.: Gjekk eit strålande løp i Bergen 20.juli. Trava 16,8 då. Ny rytter opp no. Med tilsvarande innsats som løpet sist kan han kanskje klara trippelplass igjen.
7. Ottey: Gjekk veldig fint i monteprøveløpet. Veit ikkje kor masse ho hadde å gå på då, men står fint til i springspor denne gongen. Ein av fleire som er med i kampen om ein trippelplassering. 
8. Independent O.: Er ein hest eg har veldig tru på i monte. Var dårlig frå start i prøveløpet, som han gjekk på 20,3, og då vert det kanskje for vanskelig å henta tillegg på desse strekhestane.
9.: Mieux Di Quattro: Har vore veldig flink i monte. Ny rytter opp denne gongen. Har kanskje ikkje vist toppform i sine siste startar, og då vert det kanskje vanskeleg å vinna frå tillegg.



Foto: Arnfinn Roaldsøy - www.fotobertil.net

Kommentarer

Populære innlegg