To godkjente til travritt

Sidan sist har eg ridd tre prøveløp. Eck Black Attack starta prøveløp 1.juni. Ho var fin i varminga, men då eg stramma sjekken til sjølve prøveløpet byrja ho tulla i volten og ville ikkje leggja seg til. Det tapte me mykje på, og det tok tid å få ho i trav. Då ho la seg til fungerte ho veldig fint, og ho gjekk fortare og fortare undervegs. Ho vart godkjent på 21,6. 


Foto: Arnfinn Roaldsøy - www.fotobertil.net

18.juli var eg ute med Vertigo Unique, som eg trenar og eig saman med Stian. Det var artig å ri på sin eigen hest. Ho har aldri gått med sal i banen, eller gått raskare tempo enn jogg under sal, så eg var veldig spent på korleis det ville gå. Eg prøvde med sjekk i prøveløpet, for å prøva å stabilisera ho litt meir. Problemet var at ho krangla med sjekken, og eg fekk så vidt fart på ho i volten. Ho trava 21,3 første 500 meterane, og me auka farten heile vegen til mål. Siste 500 meterane gjekk ho med hest på sida, og då rei me fort. Tida vart 18,8. Ho fungerte veldig fint, og var ein fryd å ri. 


Foto: Arnfinn Roaldsøy - fotobertil.net

25.juli rei eg prøveløp på Grandes Look. Han var ikkje heilt i balanse i varminga, men det justerte me med meir vekt framme. I prøveløpet løyste han fint frå start og gjekk i tet. Etter 23,3 første 500 meterane auka me farten undervegs, og låg an til ei tid på rett over 1.20. Midt på oppløpet mista han ein buss, og då vart balansen heilt feil, dermed slo han over i passgang og vart diska. Han skal prøva seg i prøveløp igjen tysdag 1.august.


Foto: Ida Beate Vikse

Kommentarer

Populære innlegg