Formsterk montédebutant

På tysdag er eg så heldig at eg skal få ri formsterke Nextrem Østervang i hans montédebut. Han gjekk eit veldig fint prøveløp for meg på 22,4, men vart litt lat åleine. No skal me ut i dyst i løp saman med andre hestar, så eg reknar med han er litt meir skjerpa med selskap. Den faste bomullen i prøveløpet blir bytta ut med draproppar, så har eg eitt ekstra gir og. I travløp er han både startrask og flink i sluttspurten, så det vert veldig spennande å sjå om dei same egenskapane gjer seg gjeldande under sal óg. I det siste sulkyløpet hans vart han dregen nesten sist i siste svingen, men speeda godt til tredjeplass likevel.

Dette er fyrst og fremst ein test for å sjå om han liker seg i greina. Det er gode konkurrentar både på strek og førti meter tillegg, så det vert eit spennande løp. For fyrste gong på lenge har me fått eit fullt felt, og det er svært gledeleg. Eg håper Nextremen likar seg under sal, og om det klaffar med reisa undervegs håpar eg han kan vera med å kjempa om ein fin premie. Det er ekstra spennande med debutantane, og dette er eit løp eg gler meg veldig til.

Motstanden:
1. Cinea's Tomali: Har endå ikkje fått premie under sal, og har heller ikkje fått premie i sulky sidan mars. Er nok ikkje heilt i riktige formen, så ein premie er nok målet.
2. Habana Girl: Montédebuten resulterte i femteplass på 1.20,5. Må nok senka den tida litt for å vera like langt framme i dette feltet.
3. O.K. Giant Sally: Montédebutant som gjekk prøveløp på 22,2. Har gått okei i sine siste sulkyløp, men eg kanskje ein premiekandidat fyrste gong under sal.
4. Ritte: Debuterer under sal her. Såg grei ut i prøveløpet på 1.21,4. Eigaren set seg opp på ryggen no, i sitt debutløp. Det er ikkje lett å plassera ein debutekvipasje, men dei har fordel av å stå på sterk. Er vel kanskje ein premiekandidat fyrste gong ut.
5. Emil Wibb: Kapabel hest, som no får Malin på ryggen. Ho får fart på det meste. Emil Wibb har vunne dei montéløpa han ikkje har galoppert i, og om han held seg i trav vert han vanskeleg å fanga for tilleggshestane.
6. Lexby Girl: Har gått fem montéprøveløp den siste tida for å godkjenna rytteren, og har dermed fått litt rutine. Gjekk 22,6 i prøveløpet for å godkjenna seg sjølv. Har tre montéstartar bak seg, og alle har enda utan premie. Rytteren rir sitt fyrste løp, så dei er nok ute etter premie her.
7. Come Pete: Skal óg debutera i monté her. Prøveløpet gjorde han unna på 21,8. Er vanskeleg å vurdera her, men er kanskje hovudsakleg ein premiekandidat mot gode hestar.
8. Oxford: Endå ein debutant. Han såg fin ut i prøveløpet som gjekk på 1.21,4. Står riktig til grunnlagsmessig. I sulky har han gått fine løp den siste tida. Ein spennande hest som skal vera med å kjempa om ein av dei betre premiane, om han likar seg under sal.
10. Okapi Garbo: Står vanskeleg inne i sin montédebut sidan han akkurat bikka over på 40 meter tillegg. Såg fin ut i prøveløpet som gjekk på 1.20,0 og fekk trippelplassering i sin siste start. Prøver nok på best mogeleg premie her.
11. John Paul's Legacy: Står gunstig inne med "berre" 40 meter tillegg saman med hestar som berre har ein brøkdel av grunnlaget. Imponerte då han montédebuterte på 1.13-talet i Bergen, men var ikkje like flink på Jarlsberg. Skal ut over mellomdistanse og har god rytter. Skal reknast med sigerssjanse.
12. Digital Charcoal: Er ei jamn og sterk hoppe som har gått fleire gode montéløp. Jaktar ein premie høgt på lista igjen.
13. Leticia: Endå ein debutant under sal. Gjekk 1.20,0 i prøveløpet, men overbeviste ikkje heilt. Får ny rytter her, og står dårleg inne med berre 4000 kroner meir i grunnlag enn tillegget er utskrive på. Er nok ute etter ein premie her.
14. Lantern: Montékjempen Lantern skal aldri avskrivast. Han har hatt over eitt års skadeavbrekk på grunn av hovbeinsbrot. Også i fjor hadde han hatt lang pause før det løpet på grunn av hovbeinsbrot, men det enda i flott siger. Kapasiteten er stor og hesten såg strålande ut i prøveløpet. Han er nok sett opp for dette løpet, og skal reknast med vinnarsjanse på direkten.
15. Kings Centaurus: Går stadig gode montéløp. Har tulla seg vekk med galopp eit par løp, men var tilbake i slag i sin siste start. Han har takla 40 meter tillegg før, og er god når han er i form. Om det løyser seg undervegs kan han kjempa om ein trippelplass.


Startliste:
Løp: 7  Veterinær Kjell Fammestads Monteløp  (ca. kl. 20:20)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige.
2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 100.000 kr., 40 m ved 300.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V5B-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Cinea's Tomali Malin C. Stokke 75.700 1.18,4v 1.16,4a
2040 2 Habana Girl Siw Helen Bø 84.000 1.16,7v 1.15,9a
2040 3 O.K. Giant Sally Lise Hjetland 28.500 1.19,5v 1.17,7a
2040 4 Ritte Hilde Rogstad 97.114 1.17,8v 1.16,4a
2040 5 Emil Wibb Malin Berås 59.000 1.17,2v 1.16,4a
2060 6 Lexby Girl Silje Revheim 136.600 1.17,0v 1.14,6a
2060 7 Come Pete Anette Selliken 166.100 1.16,0v 1.14,2a
2060 8 Oxford Monica Refsland 248.705 1.16,3v 1.15,0a
2060 9 Nextrem Østervang Charlotte Steine 184.200 1.16,5v 1.15,2a
2080 10 Okapi Garbo Camilla Sund 313.000 1.15,2v 1.14,3a
2080 11 John Paul's Legacy Kristine Kvasnes 2.611.435 1.16,8v 1.09,8a
2080 12 Digital Charcoal Linn Isaksen Frøysland 860.164 1.13,7v 1.12,7a
2080 13 Leticia Ronja Good 304.000 1.15,1v 1.14,0a
2080 14 Lantern Brit Lea 384.100 1.15,8v 1.13,4a
2080 15 Kings Centaurus Kari Anne Knutsen 689.893 1.15,5v 1.13,3a

Eitt bilete frå prøveløpet:

Kommentarer

Populære innlegg