7. plass med Nextremen

6. november debuterte Nextrem Østervang i monté. Han var mykje piggare i varminga, og forstod nok kanskje litt meir av at han skulle få springa enn han gjorde i prøveløpet.

Han er ein stor og flott hest, men det byr på litt problemar frå fjerdespor i volten i monté. Sidan du ikkje har vogn, har du ikkje så mykje å styra hesten med i volten, og det var litt vanskeleg å få fart og flyt på han i volten. Likevel trefte me starten fint og hadde grei fart framover. I fyrste svingen havnar me i tredjespor. Fleire ekvipasjar rir i halvspor slik at me ikkje får mogelegheit til å koma ned i andresporet, noko som igjen skapar trøbbel med fleire hestar som galopperer. På fyrste bortre langsida vil ein galopperande ekvipasje i fyrste spor ut av feltet og svingar ut, dermed vert eg og ein annan ekvipasje dregen utover. Det er mykje skriking om posisjonar, og sjølv om eg hadde hatt plass til å gå inn valgte eg å la vera for å ikkje øydeleggja hesten si oppleving av monté i debuten. Dermed måtte me rygga oss bak den fyrste klynga med konkurrentar og koma framover i fyrstespor.

Eg finn meg så til rette i andrespor bak i feltet, for så å passera hestane på innsida på siste langside. Ingen av konkurrentane rei i fyrstespor, så det opna for at me kunne passera dei der. Det vert trongt i siste svingen når ein ekvipasje på utsida ikkje held sporet sitt, men Nextremen er flink og held seg til trav. Me rir oss litt fast til slutt, men klarer å få med oss 7. plassen på 19,7. Kanskje hadde me vore lenger framme om me hadde ridd rundt dei konkurrentane, men trenaren var nøgd med at hesten kom inn med krefter spart.

Eg trur at dette blir ein veldig fin montéhest når han forstår kva han skal. Om me ikkje hadde hatt så mykje trafikkproblem undervegs i løpet, så trur eg han hadde vore lenger oppe på resultatlista.

Nokre bilete Rune Eikeland tok av oss:
Varming.

Startsida. Veldig flott hest som kler godt å gå under sal

Flott steg på Nextremen.

Kommentarer

Populære innlegg