Fyrste kaldblodsløp for året

Eg har ikkje ridd kaldblodsløp sidan eg rei Fodnes Grane i Bergen i november, så det skal verta godt å bryna seg på ein kaldblodsrygg att. Denne gongen er det montédebutanten Sylv Spika eg skal ri. Ho gjekk prøveløp med Kristine Kvasnes på ryggen 20. september. Då trava ho 1.30,5. Sylv Spika er ein veldig spennande hest synest eg. Ho såg fin ut i prøveløpet og har hatt veldig god form etterpå. Rekorden hennar på volte er 1.26,0 over mellomdistanse og ho har tent 481.000 kroner, det meste har ho tent saman med eigaren sin Tormod Gudmestad. I sitt siste sulkyløp galopperte ho frå start og enda uplassert. På 62 startar har ho tent pengar i alle utanom ni løp. Ho har vunne to gongar, fått 11 andreplassar, 13 tredjeplassar og 29 øvrige premiar. Eg ser verkeleg fram til å få ri Sylv Spika og håper eg klarar å ri ho feilfritt. I så fall håper eg me får med oss ein fin premie til slutt.

Det er fleire gode montéhestar i feltet, og mange av dei har fin form. Dersom strekhestane held seg på beina og held tempoet oppe vert det vanskelegare for hestane bak. Mange kan vera med i trippelkampen her. Fleire av hestane har god kapasitet, men mange av dei galopperer mykje. Det vert spennande å sjå korleis løpet vert. Det er i alle fall svært gledeleg at det endeleg er fleire hestar i løpet enn det har vore på kaldblodssida på Forus dei siste månadane.

Motstanden:
1. Modina: Debuterer under sal. Gjekk 1.42,1 i prøveløpet på ein veldig tung bane, går nok mykje fortare. Er jamn og flink i travløp, men jaktar nok ein premie fyrste gong ut.
2. Samina Ø.K.: Kapabel montéhest som galopperer mykje. Ho er god når ho held seg i riktig gangart og skal reknast med vinnarsjanse om ho travar heile vegen, sjølv om ho ikkje har vist noko særleg form i sulky den siste tida.
3. Troll Spika: Viste i montédebuten at ho er ein ekstremt god montéhest etter å ha runda feltet tre gongar etter fleire galoppar. Ny rytter på ryggen denne gongen. Vanskeleg hoppe, men kjempar om sigeren feilfritt.
4. Doktor Jaros: Ein montédebutant som gjekk prøveløp på 1.35,6. Har gått gode sulkyløp den siste tida og vert spennande å sjå i løp. Rytteren fortalte at han var tråkk då han gjekk åleine i prøveløpet, men eg reknar med han tek meir i når han får hestar rundt seg. Usikker på kor god han faktisk er, men kjemper kanskje om ein trippelplassering fyrste gong ut.
6 Gil Rau Jo: Går alltid gode montéløp. Tek turen frå Bergen for å starta. Gjekk eit hardt løp sist han starta, og haldt imponerande til 4.plass då. Med eit litt rolegare løpsopplegg kjemper han langt framme.
7. Kjølstad Jo To: Har ikkje starta montéløp sidan 22. september i fjor, og har bytta eigar etter det. Såg veldig fin ut i eit montéprøveløp der eigaren skulle godkjenna seg sjølv. Har ikkje vist det store under sal i løpa så langt, så han er vel kanskje ein premiekandidat her.
8. Moi Elden: Har gått nokre gode montéløp, men har òg galoppert ein del. Dersom han held seg på beina er han god nok til å kjempa i toppen. Rytteren kjenner han godt frå trening, så eg reknar med ho har taket på han.
9. Spyden: Har ein ekstrem form for tida. Gjekk godt for Kristine i Bergen, og har beste rytteren i feltet, og det er nok til at han skal reknast som aktuell vinnar. Med formen han er i no vert eg ikkje overraska om han står øvst på pallen etter løpet.
10. Høgda Svarten: Har ikkje levert toppinnsatsar dei siste montéløpa han har starta, men han har vist at han er god nok. Lise rir godt og dei skal i alle fall reknast i trippelkampen.
11. Gilborken: Tek turen frå Bergen. Han er jamn og flink og går alltid gode løp. Han går i alle fall 1.27 på distansen, med tilsvarande innsatsar som han har hatt tidlegare kan han kjempa om trippelplassane.

Løp: 3  Montéløp   (ca. kl. 18:50)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige.
2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 150.000 kr., 40 m ved 300.000 kr., 60 m ved 500.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte V5-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Modina Anette Selliken 90.500 1.29,9v
2040 2 Samina Ø.K. Ronja Good Djøseland 136.000 1.28,4v 1.30,9a
2060 3 Troll Spika Brit Lea 157.000 1.26,2v 1.29,8a
2060 4 Doktor Jaros Anne-Marie Mattingsdal 178.000 1.28,3v 1.28,4a
2080 5 Sylv Spika Charlotte Steine 481.000 1.26,0v 1.25,2a
2080 6 Gil Rau Jo Evy Katrin Teigen 331.700 1.27,2v 1.27,2a
2080 7 Kjølstad Jo To Monica Refsland 393.500 1.26,9v 1.24,3a
2100 8 Moi Elden Katrine Olsen Wågenes 1.483.925 1.22,9v 1.21,1a
2100 9 Spyden Kristine Kvasnes 705.500 1.24,9v 1.25,3a
2100 10 Høgda Svarten Lise Hjetland 884.872 1.24,6v 1.24,1a
2100 11 Gilborken Victoria Steine 776.000 1.25,5v 1.23,8a


To bilete av Sylv Spika i prøveløpet saman med Kristine:



Kommentarer

  1. Så morro. Den der så veldig spennende ut, så ut som en ukomplisert og flott montéhest på bildene.

    Masse lykke til. :)

    SvarSlett
  2. Ja, det er ei spennande hoppe. Eg håper ho likar monté og held seg i trav :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg