Clever Boszorg godkjent

På tysdag rei eg prøveløp på Clever Boszorg på Forus Travbane. Ho virka fin i varminga, men då me starta vart ho ustabil på svingane. Ho var heller ikkje like mykje på hugget som ho har vore når eg har ridd ho tidlegare. Ut av fyrste svingen var det like før ho galopperte, men eg klarte å hindra det. I andre svingen kom galoppen. Ho kom seg etter det. På siste langsida drog eg hetta for å sjå om det var meir å henta, og då vart ho betre. Ho gjekk greit siste 500 meterane og landa på 1.24,1. Ho vart i alle fall godkjent, så får det verta nokre endringar før ho kjem ut i løp. Ho er i alle fall ein veldig fin hest å ri.

Kommentarer

Populære innlegg