Thai Voyager under salen

På tysdag skal eg få prøva meg på ryggen til Thai Voyager i eit løp på Forus. Eg er svært glad for å sjå så mange som 13 hestar på startlista, det varmar montéhjarta mitt. 

Eigaren hans er veldig positiv, og gler seg til å sjå han i montéløp. Han har gått to løp tidligare, som eg sjølvsagt har sett i løpsarkivet. Han gjekk heilt okei løp, der han i det eine løpet gjekk store deler i dødens. Det siste montéløpet gjekk han i november 2017, så det er ei stund sidan. I sine siste sulkyløp har han gått fint til mål, og ifølgje eigaren er han i storform no. Så dette vert veldig spennande. Det er ein flott hest, og det er alltid veldig kjekt å få prøva nye hestar. Dessutan er det veldig artig å ri for Kari Anne Knutsen igjen. Ho var veldig snill og lot meg ri fleire hestar for ho i perioden etter eg flytta til Stavanger, så det er ei dame som betyr litt ekstra for meg. Eg håpar at me kan vera med å kjempa om ein trippelplass.

Motstanden:
1. Zola Classic: Gjekk eit heilt greitt løp sist ho starta på Forus, men eg ser ikkje føre meg at ho er meir enn ein premiekandidat her.
2. Don Carlos D.E.: Fekk 4.plass på 17,4 i sin montédebut, og gjorde ein fin innsats då. Er ein stor og flott hest, som kan få ein ny, fin premie.
3. Bella Crown: Montédebuterte med ein sjetteplass på 19,1, jakter på ny premie.
4. Rimini Lavec: Var positiv til 4. plass sist ho var ute under sal. Er behandla etter sin siste start, og skal fungera fint i trening. Ein fin premie er nok målet igjen.
5. Lucky: Vann etter eit rått løp i sin montédebut, har fått fine premiar i dei to autoløpa etter det. No er det volte igjen, og kjem ho seg til tet, er ho ikkje lett å passera. Desse Gudmestad-hestane gjer verkeleg jobben sin frå den posisjonen.
6. Sky Grande G.G.: Gjer sin første start under sal. Har ikkje så gode sulkyresultat i det siste, men om han plutselig skulle synast monté er artig, så har han ei fin oppgåve frå strek. Ryttaren fortel at han er ridd mykje på heime, men ikkje er ordentleg testa i banen. Ho seier han er usikker, og har ikkje vist noko i det siste, så ho er nøgd med premie.
7. Cox Pomona Grim: Er stadig i framgang under sal, og er på jakt etter ein ny fin premie.
9. Alo Angel: Har gått mange fine montéløp, og har vore på trippelen i 4 av 5 travritt. Har ikkje dei beste resultata den siste tida, men kjem ut etter ein månads pause, så ho er nok sett opp til dette løpet. Trippelkandidat. 
10. Dave Briggs: Kathrine er flink med hestane sine, og har hatt fleire flinke i monté. Denne montédebutanten blir spennande å sjå, sidan ho er så optimistisk. Han er mykje ridd ifølgje trenaren, men har ikkje vert testa på bane. Det ser ut som han trivs godt med sal, og det blir spennande å sjå han i løp seier ho. Om rytteren klarer å ri feilfritt, trur Kathrine at han kjemper om trippel plass.
11. Don Di Quattro: Er veldig flink under sal, og har ein dyktig rytter. Står veldig fint til i løpet, og skal reknast med vinnarsjanse.
12. Ursula D.: Endå ein montédebutant. Eg testa ho under sal førre helg, og ho kjentes skikkelig fin ut. Ho virka travsikker og rytmisk, og var pigg heile vegen. Ho har òg gått eit løp på lokalkjøring, og fekk 2.plass der, med ein galopp i første sving. Det blir spennande å sjå ho i løp. Hennar største minus er at ho får 20 meter ekstra tillegg fordi ho har over 300 startpoeng. Eg trur likevel at ho kan vera god nok til trippelplassering, så lenge ho held seg i trav. 
13. The Special One U.S.: Har gått fire montéløp, det siste tilbake i 2016, utan å få premie. Ny regi sidan den gong, men frå 40 meter tillegg er nok premie mest realistisk. Står fint til grunnlagsmessig, og har møtt skarpare motstand enn dette i sine sulkyløp, så om han synest det er kjekkare no, er trippel innan rekkevidde.


Startliste:

Løp: 4  SANDNES OG OMEGN TRAVKLUBBS MONTÉLØP  (ca. kl. 19:40)
POENG SPESIAL - MONTÉLØP
For alle 4-12-årige.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 225.001 kr., 40 m. ved 450.001 kr. 20 m. ved mer enn 300 poeng.
Premier: 14.000-7.000-5.000-3.500-3.000-(3.000) kr.
Varmblods      Volte V65-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Zola Classic Iselin Toft Dyrstad 77.500 1.16,9v 1.15,5a
2040 2 Don Carlos D.E. Synne Høitomt 186.540 1.16,5v 1.14,5a
2040 3 Bella Crown Brit Lea 138.000 1.16,4v 1.15,4a
2040 4 Rimini Lavec Lise Hjetland 185.046 1.16,1v 1.14,5a
2040 5 Lucky Tonje Gudmestad 106.500 1.17,6v 1.17,2a
2040 6 Sky Grande G.G. Ida Gundersen Thompson 102.000 1.19,8v 1.14,8a
2060 7 Cox Pomona Grim Beate Barka 317.985 1.14,2v 1.13,2a
2060 8 Thai Voyager Charlotte Svendsen 331.500 1.14,5v 1.12,7a
2060 9 Alo Angel Hilde Rogstad 380.000 1.15,1v 1.14,3a
2060 10 Dave Briggs Stine Lode 384.494 1.15,9v 1.11,8a
2060 11 Don di Quattro Hege Kristin Høyland 405.157 1.12,4v 1.11,8a
2080 12 Ursula D. Ida Jansen 322.287 1.15,6v 1.14,9a
2080 13 The Special One U.S. Marie Øvestad 537.500 1.14,5v 1.12,5a

Kommentarer

Populære innlegg