Fantastisk løp på Forus

Førstkomande tysdag er eg i banen igjen. Denne gongen er det varmblodshestar som skal ut å kjempa i Leire Stable AB-løpet. Løpet er stengt på 250.000kr, og vart etter mi meining eit fantastisk løp. Det er mange vinnarkandidatar, og fleire montédebutantar, som gjer det spennande.

Sjølv set eg meg på ryggen til debutanten Call The Judge. Han er vane med å bli ridd i trening, og gjekk eit montéløp på lokalkjøringen på Forus 18.september. Stine Lode rei han då, og han hadde virka stabil og fin. Resultatet vart siger på 19,7. Det er ein spennande hest, som går mange gode sulkyløp. Eg har ikkje vore borti han sjølv, men set pris på å få sjansen på ryggen hans. Dette er eit løp eg gler meg til å ri!

Motstanden:
1. Lucky: Imponerte stort til siger i sin montédebut. Er veldig sterk frå tet, og er nesten umogeleg å komma forbi då. Så om Tonje klarer forsvara teten, kan ho godt leda frå start til mål.
2. Lady Revenue: Har gått eitt montéløp, men eg har ikkje sett det. Ifølge trenaren hadde ho ikkje tatt eit travsteg i varminga då, men overraskande gått feilfritt i løpet. Er eigentleg ein fin hest, som nok har fordel av autostart. Premiekandidat.
3. Bella Crown: Skal starta med sal på ryggen for første gong. Trenaren fortel at ho er ridd på, men at ho ikkje er testa i banen under sal. Jakter nok ein premie første gong ut i monté.
5. Trusty Sassy: Montédebutant som har gått eitt montéløp på Hestens dag. Gjekk åleine då, og såg fin ut på 1.20-tid. Marie fortel at ho fungerer fint i monté, og er ein premiekandidat.
6. Rimini Lavec: Rei eg sist ho starta montéløp. Fin hest, men møter nok for gode konkurrenter denne gongen. Premiekandidat.
7. Tristan Dalimo: Har gått to veldig fine montéløp, med ein overlegen siger sist. Har galoppert mykje i travløp, men sett meir stabil ut under sal. Held han seg på beina, kan han fort vinna igjen.
8. Baronesse Hooves: Er ein superspennande debutant! Denne har eg ønska å sjå i monté lenge. Det er ei stor og flott, travsikker hoppe med fin teknikk. Ho er startrask, og er ifølgje kretsen rundt best i tet. Hilde seier ho satser på trippel første gong ut, sjølv om ho synest sporet er dårlig.
9. Superfly Effe: Gjekk eit veldig fint montéløp i debuten for Malin. Eg reknar med han har gått meir fram med det løpet i kroppen, og då er han med i sigerskampen her.
10. Dressed For Succes: Endå ein montédebutant, som eg har tru på. Flott hest, med stor aksjon, som fort kan eigna seg godt under sal. Trenaren seier han er testa i monté, men ikkje i stor fart. Ho forventer at han er i toppen, om dei klarer finna rett balanse på han.

Startlister:


Kommentarer

Populære innlegg