Det spesielle året 2017

Så var travåret 2017 over. Det har vore eit spesielt år for meg. Det heile starta med at eg endeleg klarte dei fysiske testane 27.februar, slik at eg fekk tilbake montélisensen, etter eit altfor langt avbrekk! 

Kjell Sunde har sørga for dei største oppturane mine dette året. Han var klar til å melda Vertigo Prins i montéløp, så fort eg fekk lisensen tilbake. Då han ringte for å høyra om eg ville ri og køyra Prins i Klosterskogen Allround, bobla eg over av spenning og glede. Det var utruleg stort for meg å få den tilliten. Prins hadde ein god dag, og gjekk godt til mål i montéløpet. Likevel var det sulkyløpet som vart årets høgdepunkt for meg. Kjensla av å sitja bak han i løp var heilt fantastisk. Det var litt av eit kick, og eg hugsar eg rakk å tenkja undervegs: Det er dette som er å køyra hest. Me fekk med oss ein 4. og ein 5.plass, men det er uansett ei oppleving eg seint kjem til å gløyma.

Resultatmessig har ikkje dette året svart til forventningane, og eg har ikkje levert det eg hadde sett meg som mål. På 9 løp har eg ikkje klart ein einaste trippelplassering, og eg har berre ridd inn 20.500 kr på dei 6 løpa eg har fått premie i. Men det kan kun gå oppover! Eg klarte dei fysiske testane att i desember, slik at eg får ri eitt år til. Eg håpar at 2018 blir mitt år. Det skal eg jobba knallhardt for! Då forventar eg at eg klarer å levera betre resultat, og eg håpar verkeleg at eg får hol på sigersbyllen igjen!

Eit av montéhøgdepunkta mine i år, er at DNT endeleg har fjerna kravet om montéprøveløp. Så frå 1.januar treng ikkje lenger hestane gå godkjent montéprøveløp for å starta montéløp, så lenge dei er godkjente for travløp. Eg håpar det medfører fleire og betre hestar i løpa neste år. Det er iallfall med på å gje meg ekstra motivasjon til å yta, for det viser at sporten endeleg går eitt steg framover.

Til slutt vil eg takka alle hesteeigarane, som har latt meg få sjansen på dei kjekke hestane. Utan tilliten dykkar, hadde eg ikkje fått sjansen til å gjera det eg likar aller best å driva med. Det set eg utruleg stor pris på! Takk til min fantastiske mann, som sørgjer for at ungane har det bra, når eg fartar rundt for å ri. Tusen takk til sponsoren min Dyresport.no. 

Eg ønskjer alle mine travvenner eit godt nytt travår!


Biletet viser Grandes Look og meg på Sørlandet. Foto: Arnfinn Roaldsøy

Kommentarer

Populære innlegg