Endelig i gang igjen!

Då eg vart mor til Isabelle, hende det noko som gjorde at eg ikkje klarte å ta øvelsen planken. Dermed mista eg montélisensen min. Eg køyrde løp i 2015 og 2016, så kjørelisensen min var i orden. Då eg gjekk gjennom endå eit svangerskap, tenkte eg at enten vart det verre eller så vart det bra igjen. Dei fyrste månadane etter andre fødselen, var smertene veldig store. Likevel prøvde eg på planken mange gonger, og plutselig ein dag var smertene borte. Det skjedde utan at eg hadde gjort noko spesielt, men det var heilt fantastisk når smertene var borte.

27. februar var ein stor dag for meg. Eg klarte dei fysiske testane. Sidan eg hadde kjørelisensen i orden, var testane alt eg trengde få i orden for å få att montélisensen. Det var heilt fantastisk å vita at eg endelig var klar til å ri løp igjen.

Comeback på ein Prins
Foto: Arnfinn Roaldsøy - fotobertil.net
21. mars gjorde eg comeback i løpsbanen. Det var litt ekstra spesielt at det vart på ein hest oppdretta av min far. Vertigo Prins er ein hedershest, som for det meste bestemmer resultatet av løpa sjølv. Han kjendes veldig pigg ut i varminga, og me fekk ein god start. Me kom perfekt til i andre utvendig, med dei verste konkurrentane låst på innsida. I andre svingen trøbla hesten framføre oss, og me vart hindra slik at me tapte all farten. Då gjekk piffen av Prins. Eg prøvde meg på å ri opp i feltet igjen og låg der heilt til oppløpet. Då eg prøvde å dra utover i banen for å angripa, gjekk han litt, men så var det slutt. Han stoppa skikkelig. Sidan det var så få hestar i feltet fekk me likevel ein 5. plass.

Ny hest godkjent
Foto: Arnfinn Roaldsøy - fotobertil.net
Eg fekk sjansen til å godkjenna Ican Youcan til monté den 4.april. Ho hadde ikkje blitt ridd tidligare, så veka før prøveløpet rei eg ein tur på ho og eitt hurtigarbeid. Det var fleire hestar i prøveløpet. Ho gjekk veldig fint på utsida av ein av dei andre, men då den galopperte gjekk ho veldig i rykk og napp. Likevel fullførte ho fint og trava 19,3. Då var ho klar for montéløp den 18. april.




Prøveløp i Bergen
Foto: Victoria Steine
Eg prøvde å godkjenna Glow i eitt prøveløp i Bergen den 13.april. Ho trengte eit hurtigarbeid, og far min tenkte det var like greit å prøva i monté. Glow hadde gått veldig lite med sal, og har lite rutine med sitt låge grunnlag. I varminga klarte ho ikkje heilt å finna ut korleis ho skulle stokka beina. Me justerte med litt meir sjekk og eit par tunge bussar framme til prøveløpet. Då gjekk det betre, men det vart ein galopp i fyrste svingen. Ho var tung i kroppen, og treng nok nokre hurtigarbeid til før ho klarer prøveløpet. Denne gongen trava ho 26,3.

Klosterskogen Allround
Eigaren til Vertigo Prins ringte meg og spurde om eg ville vera med til Klosterskogen for å ri og køyra Prins. To løp med samme hest på ein dag, eitt montéløp og eitt sulkyløp. Aldri før har eg køyrt ein så rutinert hest med så mykje grunnlag, så eg kunne sjølvsagt ikkje sei nei til denne sjansen.

Me trefte starten godt i montéløpet, men han gjekk litt på topp. Då eg tok att feltet var det ein av hestane eg ikkje hadde så tru på som låg sist i andresporet. Sidan eg ikkje ville ri rett ut i tredjespor, valgte eg å ri inn i førstespor. Han var pigg heile vegen, og eg måtte dra utover då me fekk luke på oppløpet. Då speeda han godt, men det var tett på målstreken. Me nådde ikkje heilt opp, men fekk med oss ein fin 5. plass.

Eg trudde me skulle ha betre sjanse i sulkyløpet. Me trefte starten godt igjen, og eg køyrde framover i andrespor denne gongen. Hesten framføre oss gjekk ikkje på fram, men eg ville ikkje angripa i tilfelle den svarte då me kom på utsida. Då denne hesten kom inn i førstespor, køyrde eg framover og havna i dødens. Prins var veldig pigg og gjekk godt så lenge det var hest på sida. På siste bortre langsida galopperte hesten på innsida, og då la han litt av. Dermed sjansa eg på å svinga inn i ledarrygg, og deretter prøvde eg å svinga inn på siste indre. Det var ikkje så lett, for det var han ikkje vane med. Me fekk 4. plass. Kanskje tapte eg ein plassering på å svinga ned i førstespor, men om eg hadde køyrt dødens heilt til mål var og sjansen for at han skulle stoppa der. Sidan han er litt lur valgte eg den snillaste vegen til mål. Eg var likevel veldig nøgd med ein 4. plass og ein 5. plass. Det vart 8500 kroner på kontoen til Prins, og eg var ei stor oppleving rikare.

Eg skulle gjerne lagt til bilete her òg, men det har eg ikkje klart å få tak i dessverre.

Debut for Ican Youcan
Foto: Elli Ommundsen
18. april avla Ican Youcan sin montédebut. Det vart nokre omstartar og litt tull før me kom i gang. I den gyldige starten hadde me ikkje så god fart dessverre, men me kom oss rundt dei fleste strekhestane og kom ned i tredje innvendig. Der rei eg heile løpet. Det vart ridd rolig til å byrja med, og så gjekk det fortare og fortare. Eg synest ho følgde godt med, men ho vart litt trøytt til slutt. Sidan ho sleit litt på siste svingen valgte eg å ta det sikre og ri litt rolig til slutt, sidan eg ikkje såg nokon konkurrentar bak meg. Ho fullførte i fin fart til mål til 5. plass på 17,5. Ho er lite ridd i trening, så kanskje ho går litt ekstra fram med dette løpet.

Kommentarer

Populære innlegg