Comeback i begge greiner


Endeleg er eg tilbake for fullt. Eg var fyrst ute i eit rekruttløp, det fyrste løpet mitt etter ein dramatisk sommar. Eg har vore alvorleg sjuk og tatt keisarsnitt. Heldigvis har det gått bra med oss begge. Så det tok litt lenger tid å komma tilbake i løp, enn eg hadde planar om.

Rekruttløpet gjekk 30.september, og eg fekk låna Strong Alone. Det var ei spesiell dame som var veldig var i munnen. Ho har galoppera mykje, så målet mitt var å køyra feilfritt. Ho var lynrask bak bilen, og eg hadde 1.04 på klokka! Så fort har eg aldri før kjørt. Det var eit kick. Me fekk teten lett, og eg klarte å dempa. Fyrste 500 gjekk etter 12,1. Første 1000 dekk eg dempa til 15,2. Då kom Respekt G.K. Fram i dødens, og då vart ho hissig igjen. Noko som medførte at første 500 meteren på første runden gjekk fortare enn eg ønska. Ho kjendis veldig pigg ut. Me leda til inn på oppløpet. Då stoppa ho litt. Eg skulle ønska eg kunne dradd hetta, men ho gjekk med fast hette. Så då måtte me sjå mange konkurrentar passera. Me kom i mål på 7.plass på 16,3. Eg likte ho godt. Ho var akkurat passe skrullete og sær.

Det beste av alt er at eg framleis leiar Rekruttserien 2014, sjølv om dei andre tok innpå meg. To løp er att, og eg er redd eg må få hol på sigerstørka om eg skal nå målet mitt og vinna serien i år. Det skal eg sjølvsagt prøva å klara.

Så var det montecomebacket. Det skjedde i prøveløp, på ryggen til Miss Joeleen K.B. laurdag 25.oktober. Eg hadde ikkje testa ho, men sidan eg hadde køyrt ho eitt løp tidlegare fekk eg sjansen til å godkjenna ho i travritt. Eg stramma sjekken fleire hol før varminga. Etter å ha varma ein runde måtte eg ut av banen for å stramma eit hol til. Ho fungerte fint og spant avgarde då eg slapp etter litt. Då hadde eg stramma sjekken 6 hakk, i forhold til kva ho har i travløp. I tillegg hadde me lagt på bussar framme. Etter varminga stramma eg halestykket eit par hakk ekstra, for å få meir effekt av sjekken. Ho løste fint frå start, men då eg slapp forbi den andre hesten, kasta ho på hovudet og galopperte. Det var spruten ho reagerte på. Dette tenkte eg ikkje på kunne skje, så då vart det ein galopp. Me kom så langt bak at ho fekk gå åleine, så då gjekk prøveløpet fint. Me kom i mål på 1.21,1. Om ho kjem ut i løp, blir det nok med sprutmaske.

Biletet er av Strong Alone, foto: Rune Eikeland.


Og eit bilete Anja Rosland tok i prøveløpet:

Kommentarer

Populære innlegg