4. plass til Faksus

3. juni køyrde eg og Faksus i eit rekruttløp. Han vart ettermeldt, og me fekk tredjespor i volten. Det gjekk greitt frå start og me kom fint i gang, men han la seg aldri skikkelig til og ville ikkje forbi konkurrenten. Dermed køyrde eg ned i tredje innvendig. Eg prøvde å angripa fleire gongar undervegs, men fekk ikkje noko svar. To andre konkurrentar var diska for galopp, så det vart ein 4. plass på oss. Dermed fekk han nye 4000 kroner inn på konto. No ligg eg heilt på toppen av Rekruttserien 2014 på Forus. Forhåpentlegvis kjem det fleire løp seinare i år, som eg kan vera med i. Målet er sjølvsagt å kjempa heilt i toppen av Rekruttserien dette året.

Dette biletet tok Arnfinn Roaldsøy av oss, www.fotobertil.net:

Kommentarer

Populære innlegg