Ungdomsløp på Forus

Så var det tid for ungdomsløp igjen. Denne gongen skal eg sitja i vogna bak Faksus. Han har vore jamn og flink etter han kom til dei som eig han no, noko som har resultert i fleire premiar, trippelplasseringar og ein siger. Men han kan og galoppera seg vekk. Han har rekord på 1.30,7, og står på 20 meter tillegg i dette løpet. Me fekk tredjespor i volten, noko som kanskje ikkje er heilt fordelaktig. Men me får prøva å gjera det beste utav det og målet må vera å koma rundt utan galopp. Då kan han forhåpentlegvis få med seg ein premie her.

Motstanden:
1. Gjerde Tora: Har gått gode løp dei tre siste gongane, og står med tre trippelplasseringar på rad. Ho står åleine på strek, og kan nok vera med langt framme om ho er like god som ho har vore.
2. Førlands Pil Fax: Står med to strake sigrar, har god kusk og står fint inne grunnlagsmessig. Kan fort vera vinnaren her.
3. Årsvoll Prinsen: Ein hest som er flink når han held seg til rett gangart.
5. Tekno Mor: Står perfekt inne i løpet og vann i sin siste start. Ho har gått gode løp og kusken kjenner ho frå trening, så det kan vera ein fordel. Kjemper i toppen.
6. Skaffer Adrian: Startar ikkje.
7. Knøttlita: Har ikkje fått premie sidan mars i fjor, så ein premie er nok målet her.
8. Unik: Gjekk godt til 3. plass i sitt siste løp. Fekk fine plasseringar store delar av fjoråret, og håpar nok på å vera med å kjempa om ein trippelplass sidan dei tek turen frå Bergen.
9. Fjellrypa: Har vore knallgod etter ho vart leigd vekk. Silje er med på treninga og kjenner hesten godt. Om ho går som ho har gjort dei siste gongane er ho langt framme her.
10. Tina Elken: Har vore jamn og flink til å plukka med seg fine premiar etter Holger overtok hesten. Han kjører sitt fyrste løp her, men har mykje erfaring frå ponniløp. Bikka akkurat over på 40 meter tillegg, så ein premie er nok målet her.

Startliste:
Løp: 8    (ca. kl. 20:45)
3-15-årige.
2040 m. Tillegg 20 m. for hvert vunnet 45.000 kr.
Premier: 15.000-7.500-5.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte V5-4     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Gjerde Tora Henning Nygård 38.000 1.31,2v
2060 2 Førlands Pil Fax Johan Kringeland Eriksen 80.000 1.30,0v 1.31,7a
2060 3 Årsvoll Prinsen Morten Erga 74.000 1.30,2v
2060 4 Faksus Charlotte Steine 82.500 1.30,7v 1.31,6a
2060 5 Tekno Mor Trine-Alice T. Espedal 87.000 1.29,8v 1.28,8a
2060 6 Skaffer Adrian Lise Hjetland 89.500 1.30,3v
2060 7 Knøttlita Ronja Good 77.000 1.29,8v 1.32,6a
2080 8 Unik Christina A. Hande 128.000 1.28,7v 1.27,8a
2080 9 Fjellrypa Silje Jessen 94.500 1.29,0v 1.30,3a
2080 10 Tina Elken Holger Barka 94.500 1.29,5v 1.30,1a

Eit bilete av Faksus:

Kommentarer

Populære innlegg