Endeleg kaldblodsløp igjen!

No har eg ikkje ridd kaldblodsløp sidan juni! Det er skremmande lenge. Så gleda var stor då eg fekk tilbod om å prøva meg på ryggen til Dag Viktoria. Det betyr at eg må ta ein bergenstur, men det er berre stas. Å koma heim på gamle trakter er viktig innimellom, og det er kjekt dei ikkje har gløymt meg heilt der oppe.

Så over til løpet. Dag Viktoria har berre starta prøveløp, og det gjekk ho godkjent på 1.35,6 i Drammen. I sitt debutløp står ho vanskeleg inne grunnlagsmessig. Tillegget for 20 meter er 140.000, og ho har tjent 144.000. Men me har ikkje gitt opp på førehand. Eg veit ho har gått litt hurtigarbeid under sal. Eg kjenner ikkje noko til hesten, men eg håpar at me klarar å få oss ein god start og ein fin posisjon undervegs. Så kanskje me klarar å få med oss ein fin premie til slutt.

Motstanden:
1. Gosengutt: Er ein flink montéhest når han held seg i riktig gangart. Om han travar heile vegen er han nok på trippelen igjen.
2. Amor Stjerna: Montédebutant som har berre prøveløp på 1.35,1 bak seg. Så vidt eg veit har ho gått litt hurtig under sal, og har nok betre tid inne enn prøveløpet. Er jamn og flink i sulky, men er litt vanskeleg å vurdera fyrste gong ut i travritt.
3. Art Nattfari: Står perfekt inne grunnlagsmessig, og har ikkje vore utanfor pallen i monté så langt. Har nok ei kjapp tid inne på sprint og dyktig rytter. Kan fort kjempa om sigeren i eit løp som dette.
5. Fjord Vikki: Gjekk prøveløp på 34,1 og gjer sin montédebut her. Og rytteren er urutinert, med berre to startar bak seg. Står flott inne grunnlagsmessig. Har ikkje gjort det store i travløp den siste tida, så kanskje monté kan vekkja lysten. Er litt vanskeleg å vita kor langt det rekk i dette selskapet, men hesten har fin kapasitet.
6. Karmøy Eld: Debuterte med 4.plass i monté. Kristine tek turen for å ri, så det må bety at ho har litt tru på hesten. Han stoppa litt på oppløpet i sitt fyrste montéløp, men med god rytter så håpar ho nok på ein trippelplassering når ho tek turen over fjellet.
7. Vertigo Bjørn: Har gjort fine montéløp når han har gått i rett gangart, og han har toppform. Farten har han begynt å få i kroppen den siste tida, og han står fint inne grunnlagsmessig. Kan fort vera vinnaren her om løpsopplegget klaffar.
8. Heffalompen: Får Liv Pedersen tilbake på ryggen, noko som har vore suksess tidlegare. Dei har nesten ikkje vore utanfor pallen når dei har konkurrert saman i Bergen. Begge Bergenssigrane deira i monté har kome over sprintdistanse, så det er vanskeleg å avskriva dei heilt, sjølv om hesten ikkje har starta sidan juli i fjor.

Startliste:
Løp: 7  Monteløp  (ca. kl. 20:43)
MONTÉLØP
Kaldblods. 5-15-årige høyest 675.000 kr. samt 5-15-årige med høyest 300 poeng.
1600 m. Monté Tillegg 20 m. ved vunnet 140.000 kr., 40 m. ved 260.000 kr., 60 m. ved 435.000 kr.
Premier: 15.000-7.500-5.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte V5-4     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1620 1 Gosengutt Caroline L.B. Morken 183.000 1.28,3v 1.27,4a
1620 2 Amor Stjerna Christina A. Hande 172.250 1.29,6v 1.27,0a
1620 3 Art Nattfari Lise Hjetland 256.500 1.28,1v 1.25,7a
1620 4 Dag Viktoria Charlotte Steine 144.000 1.30,0v 1.28,9a
1620 5 Fjord Vikki Hege Kristin Høyland 254.209 1.26,7v 1.25,5a
1620 6 Karmøy Eld Kristine Kvasnes 217.500 1.27,3v 1.27,6a
1660 7 Vertigo Bjørn Victoria Steine 604.500 1.25,9v 1.26,3a
1660 8 Heffalompen Liv Pedersen 516.500 1.26,0v 1.25,4a


Dette biletet har Eirik Blindheim tatt av ho i eit hurtigarbeid:

Kommentarer

Populære innlegg