Petra K. i rekruttløp

På tysdag skal eg endelig i banen igjen. Eg har ikkje vore i banen sidan slutten av oktober, så det skal bli godt å få konkurrera litt igjen. Denne gongen skal eg køyra stallhesten Petra K. Eg har ikkje køyrd ho i løp før, så det skal bli spennande. Ho hadde pause frå juli til september, og har berre gått eitt løp i september, eitt i oktober og eitt i november. Så no er det 3,5 veke sidan ho gjekk løp sist. Ho verkar grei i trening, men det er ikkje enkelt å vurdera korleis formen er. Innerst inne håpar eg på å vera på trippelen, slik at eg framleis kan vera med å kjempa i toppen av Rekruttserien 2013. Men realistisk må me håpa på at ho går feilfritt, gjer eit godt løp og får ein premie.

Motstanden:
1. Kafka D.: Ein god hest med godt spor og fornuftig kusk. Kan fort vinna eit løp som dette, sjølv om han har minst grunnlag.
2. Oline Åstrup: Har nesten berre gode plasseringar, og kan fort vera vinnaren her.
4. Ronaldo Blåbjerg: Gjekk godt til 2. plass i sin siste start. Utan galopp kan ein trippelplassering vera innan rekkevidde.
5. It's All In The Game: God hest når han fungerer. Vann nest sist, galopperte seg bort sist.
6. Thierry News: Har gode spurtar om han får det rette løpet.
7. Pigen fra O'malley: Har gått mange gode løp i det siste, og kjemper om ein ny trippelplassering.
8. Let There Be Rock: Står vanskelig til ytterst bak bilen, men hesten er i flott form og kan kjempa i toppen om det løyser seg undervegs.
9. Juliano's Pride: Har mange gode løp bak seg, men litt usikker form. Sannsynligvis er premie innan rekkevidde.
10. Quillity's Desperado: Jaktar premie.
11. Pedro D.K.: Har den mest rutinerte kusken, og står finast inne grunnlagsmessig. Går stadig gode løp, og kan vera med i toppen igjen utan galopp.

Startliste:
Løp: 3  REKRUTTSERIEN 2013  (ca. kl. 18:52)
Varmblods. 3-12-årige høyest 240.000 kr.
2040 m. Autostart.
Premier: 18.000-9.000-6.000-4.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V65-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Kafka D. Lise Hjetland 156.434 1.16,4v 1.14,3a
2040 2 Oline Åstrup Emil Henriksen 161.831 1.15,7v 1.13,2a
2040 3 Petra K. Charlotte Steine 178.032 1.16,2v 1.13,7a
2040 4 Ronaldo Blåbjerg Johan Kringeland Eriksen 179.045 1.16,2v 1.14,5a
2040 5 It's All In The Game Siw Helen Bø 180.000 1.16,2v 1.15,2a
2040 6 Thierry News Lars Kristian Løkken 195.300 1.16,6v 1.14,1a
2040 7 Pigen fra O'malley Kim Pedersen 199.827 1.26,1v 1.13,1a
2040 8 Let There Be Rock Henning Nygård 203.500 1.14,8v 1.15,2a
2040 9 Juliano's Pride Marita Bjelland Skjæveland 198.000 1.15,0v 1.14,3a
2040 10 Quillity's Desperado Stian Øksnevad 199.100 1.15,2v 1.13,8a
2040 11 Pedro D.K. Marius Høitomt 212.158 1.15,7v 1.14,6a

Eit bilete av Petra:


Kommentarer

Populære innlegg