Desperadoen distansert

Eg var i Bergen for å ri Quillity's Desperado i hans montédebut på søndag. Me valgte å varma han berre like før løpet, ikkje ein time før slik som vanlig. Fordi han var mykje piggare i varminga enn i sjølve prøveløpet. Me hadde og satt på pusar på hodelaget og sprutmaske i håp om at han ville gå meir i tøylane og følgja ryggen betre.

Han er veldig vanskelig i volten, og eg får nesten ikkje fart på han. I det me snur opp for fyrste gong løyser han godt, noko eg ikkje hadde berekna, så me får ein tjuvstart. I det gyldige startforsøket trøblar han litt og me får ikkje noko særleg fart. Han kjennest veldig pigg ut undervegs, og går fint i tøylane, men når eg ber han om noko får eg ingen respons. Me kjem berre lenger og lenger bak feltet underveis i løpet. Så til slutt vart me distanserte

Han er starterklært i monté igjen på Forus på tysdag. Då skal Elisabeth Jensen ri, så eg håpar han har meir lyst då.


Biletet har eg klippa frå Rikstoto Direkte. Her er me nest sist i biletet.

Kommentarer

Populære innlegg