Stilstudie frå Sofia-kurset

Som eg skreiv i min blogg om kurset med Sofia Aronsson skal eg her koma med ein biletblogg/sitstudie av meg sjølv frå kurset.

Fyrste runden. Dei fyrste tipsa var ned med armane, bak med skuldera, ned med hælen.

Armane er framleis for høgt oppe. Ryggen er rett, skuldra er meir rett og knea peikar innover. Vinkelen mellom albogen og kneet er ikkje heilt som den skal vera. Hælen er framleis for høgt oppe. 

For låg sits. Det skal vera litt meir luft mellom magen og salen. Ryggen er framleis rett, knea fint plasserte, hælen er komen på rett plass. Beina ser fine ut. Armane er kome lenger ned. Vinkelen mellom alboge og kne er ikkje heilt som han skal vera.

Meir riktig luft mellom mage og sal. Armen er meir rett plassert, og i fin vinkel til kneet. Ryggen er rett. Knea presser mot salen, foten står nesten fint. Hælen er pittelitt for høgt oppe.


Handa er litt høgt oppe, men albogen står i fin vinkel i forhold til kneet. Knea står fint inntil salen, og foten er fint plassert. Men her er ikkje ryggen så rett som han skal vera. Hjelmen er for stor, for eg får ikkje oversikt framover sidan den går ned i auga.


Hælen er litt for langt ned her, og litt svøy i ryggen, men ellers ser det ganske greit ut.


Her har eg løfta blikket og dermed vert ryggen og rett. Skuldra er flott plassert, vinkelen mellom albogen og kneet er fin, handa er rett plassertog knea støttar seg mot salen. Hælen er litt langt nede, men det vert den når du trør ned for å halda hesten.


 Ideellt sett skulle stigbøylane vore litt kortare, slik at kneet hadde lagt litt lenger oppe på salen, då hadde sitsen blitt litt annleis. Her ser det meste ganske greit ut.

Litt for høgt oppe. Dermed forsvinn armane oppover, sitsen ser mindre elegant ut. Foten får ikkje den vinkelen han skal ha. Og vinkelen mellom albogen og kneet er heller ikkje heilt som han skal.

Tilbake nede slik det skal vera. Ryggen er rett. Blikket framover. Skuldra fint. Armane lenger nede slik at vinkelen mellom alboden og kneet vert fin. Foten står fint og det ser greit ut.

Slik skal det ikkje gjerast. I staden for å pressa inn med knea og støtta imot med foten har eg her byrja bremsa med ryggen, og eg står for høgt oppe. Det fører armane oppover slik at vinkelen ikkje står i stil til kneet. Eg får ikkje bruka kreftene i beina til å stoppa med, så eg får mindre effekt. Dessutan ser det ikkje så elegant og fint ut som det skal.

Får beskjed om det, og byrjar senka meg. Det fører til at beinet sklir framover, noko det ikkje skal. Kneet står fint, men armane er for høge.

Lenger nede. Jobbar med å få armabe ned. Kneet er på rett veg. Albogen og kneet har ikkje heilt rett vinkel, men det er fordi foten er altfor langt framme. Eigentleg skulle foten vore "låst" frå stigbøylen og opp til kneet, dette skulle ikkje bevega seg når eg la vekta bakover for å prøva å stoppa hesten. Men her er det på rett veg.

Framleis for høg, men foten er på veg tilbake. Albogane er framleis litt høge, men det byrjar å gå i riktig retning igjen.


Sånn skal det gjerast! Armane er låge, vinkelen mellom alboge og kne er rett. Foten står fint i bøylen. Eg sit lågt og har blikket opp og framover. Ryggen er rett. Og det ser fint ut.

 Litt meir luft mellom, men framleis fint og reint. Armane er litt for høge.


Og sånn skal det IKKJE gjerast. Her strekkjer eg ut etter å ha fått lov å sleppa opp den harde, nye sitsen. Og då vert det meste feil og lite elegant.

Mindre hest og utstyr som ikkje er mitt. Pluss at hesten ikkje går i tøylane, noko som gjer det veldig mykje vanskelegare og tyngre. LIkevel ser det ganske riktig ut. Armane er på rett plass, beina er rette og fine. Vinklane er som dei skal og ryggen er rett. 

Håpar alle de som les har fått litt ut av dette. For meg er det utruleg interessant å sjå korleis små justeringar gjev store utslag på kor fin sitsen faktisk ser ut!
Alle foto over: Rune Eikeland.

Til slutt eit bilete Elli Larsen tok av meg i mitt fyrste løp (dette er varminga) etter Sofia-kurset. Mykje betre enn før, men ikkje heilt perfekt. Det vert stadig betre så lenge eg har eit mål å jobba mot. No er eg klar for løp igjen, med ny inspirasjon og masse pågangsmot. Så håpar eg resultata kjem med arbeidet.

Kommentarer

  1. Kjempe blogg!! :D Slike elsker jeg.

    Jeg deler denne videre på bloggen min. Nå skal jeg studere litt bilderav meg selv opp mot bloggen din. ;)

    SvarSlett
  2. Takk :) Artig å studera seg sjølv. Finn mange feil, men det er og veldig stas å sjå kor små endringar som skal til for at det vert perfekt.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg