Det gjekk som frykta...

Med Pay Back Money i montéløpet 30.juni. Han var ikkje seg sjølv heile dagen, men me gjorde nokre endringar til løpet. I prøvestarten var han på hogget og løyste feilfritt og raskt. Det vart utsetjing av starten, noko som ikkje er ideellt for han. Volten vart ridd altfor seint, og altfor liten volte, så me fekk ikkje verken plass eller fart. Det måtte gå som det gjekk. Pay Back fekk aldri sjansen til å ta eit travsteg i volten, det gjekk kun i skritt. Dermed vart det galopp både i omstarten og i det gyldige forsøket. Fleire av dei som rei burde hatt bøter for omstart, men slik vart det dessverre ikkje, og det gjekk ut over meg og andre i volta.

Desse bileta tok Elli Larsen av oss:


Kommentarer

Populære innlegg