Endeleg nytt løp

No har eg ikkje ridd løp på over ein månad, så eg vart glad då Håkon spurde om eg ville vera med til Biri. Lillruben har eit autostartløp stengt på 450 000 kroner på sundag. Han har minst grunnlag i feltet, men han har ytt godt i dei montéløpa han har gått så langt. Lillruben har fordel av autostart sidan han er litt vanskeleg i volten. Sist følgde han bilen, men eg trekte meg fordi det var ein på innsida som løyste like godt. No har me fått eit dårleg spor, og står nest ytterst i niandespor. Lillruben har imponert meg i sine fyrste montéløp og har gjort gode innsatsar. På distansen har han gått 16,9 på det raskaste. Eg håper han kan gjera eit nytt fint løp og få med seg ein fin premie.

Motstanden:
1. Pine Pack: Har gått 16,4 som best på distansen under sal, men har gått endå fortare på sprint. Gjekk ny rekord med sulky i sin nest siste start og har nok fin form.
2. Macho: Ein hest Siv Emilie har god tru på. Han gjekk prøveløp på 19,0, men braut i sitt fyrste løp. Eg reknar med han er bra sidan Siv Emilie held han så høgt.
3. Blue Story: Ein stor hest som har gjort finare innsatsar i monté for kvart løp. Han har gått 16,7 på distansen. Gjekk ny rekord i sin siste start, så formen er sannsynlegvis bra.
4. A Tout a l'Heure: Har ikkje gått monté så ofte, men vann i Drammen i fjor. På distansen har ho gått 16,4. Fekk 4. plass i sin siste montéstart i Sverige, men har ikkje hatt dei beste resultata i år.
5. Star Crown: Liv Pedersen sit på ryggen til valakken, og ho skal alltid reknast i montéløp. Han har galoppert i alle montéløpa, men har vore på trippelen likevel. Han må nok trava feilfritt for å vinna. 18,8 er det raskaste han har gått på distansen, og det var i prøveløpet.
6. Blitzie Sign: Ho er ein bra hest, men har ikkje starta monté sidan januar. Har ein siger under sal og har gått fine løp i det siste. På distansen har ho gått 16,3 under sal. Kan vera langt framme med det rette løpet.
7. Comi Jet: Montédebutant som berre har prøveløp på 22,8 bak seg. Prøveløpet seier ikkje så mykje, men hesten har gått gode tider i sine siste sulkystartar.
8. Adrenalin: Er ein god montéhest som har vist flott form i det siste. Var ikkje like bra i sin siste start i Sverige, men om han er tilbake i formen han hadde før det løpet skal han reknast med sjanse. Har gått 16,1 på distansen.
10. Aramis T.K.: Har ikkje gjort noko særleg i år, og har gått 18,0 på distansen. Kristine Kvasnes på ryggen trekkjer opp, men er etter mi meining ein premiekandidat her.

Det er eit løp med fleire gode hestar. Adrenalin i form skal kjempa om sigeren. Macho er ein spanande hest som Siv Emilie set høgt. Pine Pack og Blitzie Sign er flinke hestar som skal reknast i toppen. Om Liv Pedersen klarar å losa Star Crown rundt utan galopp er det ein god hest som skal kjempa i toppen her. Eg har ikkje så god kjennskap til hestane og har aldri ridd på Biri før, så det er vanskeleg å vurdera løpet. Målet blir å gje Lillruben eit fint løp og kjempa om best mogeleg premie. Han er ein av mine favoritthestar og eg gler meg til å ri han att.

Løp: 1 O.A.'s Monteserie (ca. kl. 13:50)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 450.000 kr., åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 30.000-15.000-9.000-6.000-4.000-(2.000) kr.
Varmblods Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Pine Pack Line Gundersen 442.500 1.15,2v 1.13,5a
2100 2 Macho Siv Emilie Løvvold 340.886 1.16,9v 1.12,5a
2100 3 Blue Story Cecilie Jensen 358.200 1.17,9v 1.14,1a
2100 4 A Tout a l'Heure Johanne Ulrica Øveraasen 304.764 1.15,3v 1.14,3a
2100 5 Star Crown Liv Pedersen 342.009 1.15,0v 1.13,5a
2100 6 Blitzie Sign Egle Kochanauskaite 435.000 1.14,0v 1.13,8a
2100 7 Comi Jet Martine O. Sørvik 351.890 1.16,3v 1.13,3a
2100 8 Adrenalin Henriette Bye 303.326 1.17,3v 1.15,0a
2100 9 Lillruben Charlotte Steine 293.941 1.17,2v 1.14,3a
2100 10 Aramis T.K. Kristine Kvasnes 197.750 1.15,8v 1.15,1a

Kommentarer

Populære innlegg