DNT vil ikkje ha meg i banen lenger

30. desember rei eg kanskje mitt siste løp i karrieren. Eg rei mitt fyrste løp 7.desember 2006, åtte år seinare tok Det Norske Travselskap (DNT) frå meg lisensen. I informasjonsskrivet står det: "Kravene til obligatoriske fysiske tester er motivert ut ifra hensynet til utøvernes sikkerhet i banen, spillsikkerhet og dyrevelferd."
Det vil seia at DNT meiner eg ikkje lenger er ein trygg rytter. Eg er ein fare for sikkerheita til andre ryttarar, speltryggleiken og dyrevelferdet. Eg er ikkje lenger skikka til å ri løp. Årsaka er at eg ikkje spring fort nok eller tek planken lenge nok. Eg har vore dødssjuk. Eg svevde mellom liv og død, men vart redda av eit haste-keisarsnitt og masse medisin. Noko som har gjeve meg problem med å utføra dei fysiske testane. Eg har vore gjennom eit svangerskap og ein fødsel, etterfølgd av smerter på grunn av sjukdommen og keisarsnittet.

Då eg vart gravid fekk eg beskjed om å ikkje jogga eller trena statisk styrke. Dermed var ikkje utgangspunktet mitt for å klara testane i september, som var min terminmånad, dei beste. Eg søkte DNT om å få utsetja testane. Søknaden vart blankt avslått. Ingen skulle få ri utan å ha gjennomført testane. Unntaka er dei som rir meir enn 50 løp i året. Har du dansk lisens, kan du ri så mange løp du vil i Noreg, utan å måtte ta testar.

Heilt sidan eg fekk lisensen i 2006, har eg jobba for å forbetra montesporten på Vestlandet. Det heile starta med at eg førte statistikk for å visa at løpa ikkje var skriven ut på ein ideell måte. Deretter følgde eg opp med å dra i gang montegruppa i Bergen, som fekk til både fleire og betre løp. Me fekk fleire hestar godkjende og me hadde sponsorar til alle løpa. Me fekk monteløp i V5-spelet, og me fekk på plass autostart på Vestlandet. Eg vann det fyrste løpet med auto og i V5-en.

Då eg flytta til Stavanger i 2010 tok eg engasjementet med meg til Forus. Eg fekk danna ny montegruppe der. Me jobba for å få fleire løp, skaffa sponsorar og har fått til grunnlagsløp. I tillegg var eg aktiv i Bergensmonteen lenge etter eg flytta. 

Eg har hatt lisens i åtte år, vunne 8 monteløp og ridd over 100 løp. Sidan hest er ein stor del av livet mitt, rei eg gjennom heile svangerskapet. Eg var på hesteryggen igjen 6 veker etter fødselen. Så ridemusklaturen min var heldigvis raskt tilbake. Ridinga og monteen var med på å motivera meg til å jobba meg tilbake etter sjukdommen. Det var mindre vondt å ri enn å gå. Eg har ridd fleire prøveløp og løp etter fødselen, utan problem. Når eg prøver meg på å jogga, rykker det i magen. Det er ubehageleg, så eg skal nok slita med å klara å springa 3000 meter på 15 minutt. Eg har ikkje testa, men eg trur ikkje det går. 

Planken er eit anna kapittel. Eg har pint meg gjennom 1 minutt i noko som liknar planken. Då hadde eg smerter i store delar av kroppen, inkludert både magen og ryggen, i godt over ei veke etterpå. Så eg måtte inn på nettet for å leita etter informasjon. Magen min "heng og dinglar" når eg prøver å stramma han i planken. Eg er usikker på om eg nokon gong klarer å ta planken igjen, og to minuttar verkar umogeleg. Eg fann ut at kvinner som har vore gjennom svangerskap ofte slit med planken. Norsk idrettshøgskole har skrive denne artikkelen om temaet. Det var då eg kjende kor vondt det var, eg innsåg at montesporten ikkje lenger vil ha meg. Eg har berre ein kropp, og den skal eg leva med resten av livet. Eg kan derfor ikkje ofra kroppen min på å utføra øvingar, som ikkje er direkte knytt til den sporten eg skal utøva, berre for å ri nokre løp i året.

Mange netter har eg lagt vaken fordi eg ikkje klarer å slå meg til ro med at sporten eg elskar ikkje lenger vil ha meg med. Irritasjonen for at eg ikkje lenger får ri løp går utover nattesøvnen, meir enn tankane på sjukdommen eg har vore gjennom. Eg hadde lisens og rei løp 30.desember, to dagar etterpå var eg ikkje lenger ein trygg rytter, ifølgje DNT. Eg føler ikkje at eg er uskikka til å ri løp, sjølv om kroppen min ikkje er i stand til å halda planken i to minutt og springa 3000 meter på eit kvarter. Med over hundre løp bak meg og åtte år med montelisens så håper eg verkeleg at DNT veit kva dei gjer, når dei plukkar vekk folk på denne måten. Monteløpa har vore månadens høgdepunkt for meg i åtte år, og det blir trist å ikkje lenger ha noko å sjå fram til. Når motivasjonen er borte, kan eg like godt trekkja meg ut av sporten og bruka engasjementet mitt på andre ting. Eg føler med alle som elskar montesporten, men som ikkje får lov å gjera det dei likar best fordi dei ikkje spring fort nok.

På bakgrunn av dette fekk eg låna Poulidor av pappen til mitt avskjedsløp. Eg rei mitt fyrste løp på ein av hestane hans, vann mitt fyrste løp på ein av hestane hans og no har eg kanskje ridd mitt siste løp på ein av hestane hans. Det vart ein trist dag. Eg kjende klumpen i halsen like etter målpassering, og tårene trilla då eg kom inn i stallen og det gjekk opp for meg at eg kanskje har konkurrert i travritt for siste gong.

Kommentarer

  1. Jeg synes dette er slag under beltestedet fra DNT. DEM BØR VURDERE SIN STILLING.

    SvarSlett
  2. Alle som har sin aktive virksomhet i banen, går jevnlig gjennom legeattester, og har krav til antall løp pr år osv. De har også eget ansvar for å holde seg fysisk og psykisk i form til å utføre oppgavene de har under et løp. Dette for ikke å være til fare hverken for seg selv eller andre.
    Derfor er det grunn til å anta at en viss form for testing av ryttere bør opprettholdes. Men kunne ikke dette gjøres på en litt annen måte?
    Hva med å la dommerne luke ut ryttere som de ser "sliter", og ilegge dem et prøveløp, der helhetsvurderingen av utførelsen blir vurdert. Samt at ryttere som ikke har ridd på et halvt år - et år, må gjennom noe slikt.
    Da vil den fysiske ferdigheten det kreves for å ri et løp vises, og dommerne kan avgjøre om de finner rytteren skikket til videre konkurranser.
    For det å ha tester som er helt ulike den sportsgrenen en utøver driver, og som det i tillegg hersker sterk tvil om er heldig for ryggen (planken) virker litt merkelig.
    Satt helt på spissen (og vel så det), så er det da ingen som krever at Edvald Boasson Hagen eller Petter Solberg skal måtte klare en fem-mil på ski for å få lov til å delta i sin sportsgren, eller at Petter Northug må sykle Tour de France for å kunne delta i VM på ski...
    Lykke til videre Charlotte!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg